Technoport 2020 avlyst, men konsulent-dialog går som nettmøte
I år skulle Noradapt ha vore ein av partnarane i Technoport, ein teknologi-konferanse med over 700 deltakarar. Dessverre er det no bestemt at konferansen går ut på grunn av coronaviruset. Noradapt held likevel eit nettbasert dialogmøte med konsulentbransjen.
Det oppsette temaet for 2020-utgåva av konferansen var korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.
Technoport 2020 skulle ha gått av stabelen i Trondheim 25.mars. Hovudarrangøren er Foreningen Technoport, ein Trondheims-basert medlemsorganisasjon som jobbar for å fremje forskingsbasert, teknologisk innovasjon ved å skape «unike møteplassar for entreprenørar, akademikarar, næringslivsleiarar, investorar, studentarar og drøymarar».
Blant medlemmane finn ein NTNU og SINTEF. I tillegg til Noradapt, var teknologiselskapa Telenor og ABB partnarar for 2020-konferansen, som ville ha blitt den femte i rekkja.
Noradapt sin grunn til å ta del i Technoport, var temaet for 2020-konferansen: «deep tech and climate resilience», altså korleis vi kan takle klimaendringane betre ved hjelp av ny teknologi.
Noradapt med fleire bidrag
Noradapt har sidan starten hatt som mål å kome i tettare dialog med privat sektor, som òg vil bli nøydd til å ta grep for å takle klimaendringane.
- Technoport ville ha vore ein flott arena for å lukkast til akkurat dette, seier brukarkontakt i Noradapt, Torunn Hønsi. Med seg til Trondheim skulle ho hatt fleire kollegaer frå Vestlandsforsking og Noradapt, alle med bidrag til programpostar på konferansen: eit frukostmøte, ein «skill lab» og eit hovudinnlegg om klimaendringar og miljøgifter.
Likevel nettmøte med konsulentbransjen
Noradapt har valt å halde fast på eitt av arrangementa frå den avlyste konferansen: ein kafédialog med ulike konsulentfirma som utfører oppdrag for kommunar innafor arealplanlegging. Slike oppdrag omfattar ofte tilpassing til klimaendringane.
Møtet blir no halde over nettet, trass i at konferansen ikkje blir noko av.
- Noradapt ser konsulentbransjen som viktig fordi vi veit at dei utfører viktige delar av kommunane sitt grunnarbeid for å klimatilpasse lokalsamfunna, seier brukarkontakt i Noradapt, Torunn Hønsi.
Noradapt inviterer konsulentfirma til ein nettbasert versjon av den planlagde kafédialogen om klimatilpassing. Dette føregår onsdag 25.mars frå kl. 13.00 til kl. 15.45. Møteleiar er Torunn Hønsi i Vestlandsforsking og Noradapt. Programmet er justert, men hovudtrekka er at Noradapt presenterer seg og aktuelle prosjektresultat med relevans for bransjen. Deretter følgjer diskusjonar.
Deltakarane får ei spørjeundersøking før møtet og undervegs blir det høve til både å presentere seg og ta ordet. Noradapt opprettar elles eit lukka chatterom der de kan halde fram med å drøfte problemstillingane. Dette chatterommet lukkar vi først fredag 27.mars kl. 15.00.
Meld deg på dialogmøtet her - du får tilsendt ei lenkje til møtet når du har meldt deg på.
Miljøgifter og klimaendringar
Technoport er ein over snittet teknologi-smart konferanse, og det høyrer med til arrangørane sitt opplegg å gjere viktige innlegg tilgjengelege på nettet i form av TED Talks, slik at gode tankar og idear kan nå ut til fleire.
Forskar Torunn G. Hønsi i Noradapt var meint å halde eit innlegg av denne typen 25.mars. Temaet hennar var korleis eit endra klima trugar vasskvaliteten, korleis havforsuring, ureining og klimaendringar vil kome til å påverke kvaliteten av ferskvatn og sjøvatn, som livet på jorda er så avhengig av.
Hønsi er toksikolog og har forska på korleis miljøgifter kan bli eit større problem på grunn av fleire dramatiske naturhendingar og ei utvikling mot meir nedbør. Forskinga hennar er blitt møtt med stor interesse i forvaltninga og i kommune-Norge.
Ved å snakke om temaet, ønskte ho å motivere teknologar til å ta initiativ til å utvikle nye metodar og teknologi som kan vere med på å førebyggje skadelege effektar og hjelpe oss med å tilpasse samfunnet til eit endra klima.
Noradapt sine andre bidrag
Frukostmøte: Klimaforskar og senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, skulle bli intervjua av Snorre Valen, leiar i Foreningen Technoport, saman med andre paneldeltakarar. Tema: utforming av klimapolitikk. Kvifor er vi ikkje komne lenger, med alt vi veit om situasjonen vi står i?
Skill lab: På «skill labs» lærer ein bort noko andre kan ha nytte av. Marta Jansen ved Vestlandsforsking var planlagt å demonstrere såkalla verknadskjede-analyse (impact chain analysis), ein ny metodikk for planlegging og risikoanalyse av konsekvensar av klimaendringar.
App-intervju: Under Technoport skulle Vestlandsforsking/Noradapt òg gjennomføre korte forskingsintervju med konsulentar og andre i næringslivet om erfaringar med klimatilpassing og teknologi. Dette skulle skje via ein app. Sidan Technoport ikkje blir noko av, kjem intervjua til å bli gjennomført på ein annan arena og truleg med ein annan metode.
Har du spørsmål om Technoport 2020 eller dialogmøtet for konsulentar? Ta kontakt med brukarkontakt i Noradapt, Torunn Hønsi.