Kronikk: Klimakrisen, naturkrisen og energikrisen er en og samme sak
Samspelet er urovekkande svakt mellom politikkområda energi, klimagasskutt, klimatilpasning og bevaring av naturmangfald. No risikerer vi at tiltak slår kvarandre i hel, skriv leiande forskarar i Noradapt i denne kronikken på forskersonen.no.
Kronikken har tittelen “Klimakrisen, naturkrisen og energikrisen er en og samme sak” og vart publisert 25. august 2022.
Kronikkforfattarane legg vekt på at arvtakaren etter den første stortingsmeldinga om klimatilpassing frå 2021, varsla av klima- og miljøminister Espen Barth Eide, bør forsøke å hindre at tilpassingstiltak og andre delar av klimaarbeidet øydelegg for kvarandre, slik dei av og til gjer i dag.