Noradapt-timen 2. november: - Norske myrer bør setjast på kartet for utsleppskutt
I Noradapt-timen torsdag 2. november presenterer Julien Vollering ved Høgskulen på Vestlandet ny forsking på myrene sitt potensial for å lagre karbon. - Betre kartlegging av myr og torvmark i Norge er ein føresetnad for at myrer skal vere ein del av løysinga på klima- og naturkrisene, seier forskaren.
Myrer er unike økosystem som bidrege i kampen mot klima- og naturkrisene, med å lagre karbon, dempe flaumar og huse mange ulike artar. Samtidig er denne naturtypen under stadig press, ikkje minst fordi arealet er ganske flatt.
Ny kunnskap om bruk og forvaltning av myr
Julien Vollering er postdoktor ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal og forskar på myrer gjennom forskingsprosjektet Repeat (REthinking sustainable land use of PEATlands; 2021-26) som mellom anna ser på omfanget av karbonlageret i norske myrlandskap.
Forskarane i prosjektet bidreg med ny kunnskap for å sørge for meir skånsam bruk og forvaltning av myr. Målet er å finne ut korleis ein kan balansere omsyn til karbonlagring og biologisk mangfald mot utbyggingsbehov, med utgangspunkt i konkrete hytte-, vindpark- og vegutbyggingar.
Korleis estimere karbonlager i myr?
I Noradapt-timen vil Julien fortelje om bakgrunnen for den eine arbeidspakken i Repeat-prosjektet, som handlar om estimering av karbonlager i myr. Julien leier denne delen av prosjektet, og presenterer litt av arbeidet forskarane har gjort så langt. Til dømes vil han forklare korleis ein kan måle karbonlagring i torv i eit landskap, og set søkelys på manglar ved dagens kart over myr og torvmark.
- Betre kartlegging av myr og torvmark i Norge er ein føresetnad for at myrer skal være en del av løysinga på klima- og naturkrisene, seier Julien. Dette vil han utdjupe i Noradapt-timen.
Tidspunkt: torsdag 2. november kl.12.00-12.30
Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/82268108490?pwd=MWNTd2hCNzZzQWJLbGhuYU9WcUpRUT09#success
Språk: Norsk
Bannerfoto: Sigurd Daniel Nerhus, HVL