Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Mange moglegheiter for reiselivet på Svalbard

Hundekøyring er blant aktivitetane mange turistar til Svalbard prøver. Foto: Håkon Daae Brenshom / Visit Svalbard / nordnorge.com

Reiselivsnæringa på Svalbard kan gå ei lys framtid i møte, sjølv om klimaendringar, strengare regelverk og tøffare marknad skaper ei rekke utfordringar. Det viser forsking gjort gjennom prosjektet «Berekraftig turisme på Svalbard - ein balansekunst», som undersøker nettopp korleis reiselivsnæringa kan skape nye og berekraftige løysingar i møte med ei ny verkelegheit.

Det viser forsking gjort gjennom prosjektet «Berekraftig turisme på Svalbard - ein balansekunst», som undersøker nettopp korleis reiselivsnæringa kan skape nye og berekraftige løysingar i møte med ei ny verkelegheit.

For Svalbard er definitivt i endring. Øygruppa opplever ein kraftig auke både i temperatur og nedbør. Forskarane varslar at dersom vi ikkje lukkast med å redusere klimagassutsleppa, kan Svalbard gå mot eit klima som det Danmark har no ved slutten av dette hundreåret.

– Vintrane har allereie blitt betydeleg kortare og mildare. Særleg i låglandet kjem snøen seinare og smeltar tidlegare enn før, seier Grete Hovelsrud, forskar 1 ved Nordlandsforskning og professor ved Nord universitet.

– Meir regn på vinteren gir økt fare for flaum og snøskred, noko som er problematisk både for snøscooterar, hundespann og skiløparar, seier ho.

Løysingar for framtida

Klimaendringane er ei av årsakene til at myndigheitene har vedteke ei strengare forskrift om turisme, feltopplegg og anna reiseverksemd på Svalbard. Også den nyleg reviderte Svalbardmiljølova, som skal oppretthalde eit tilnærma urørt miljø i den sårbare naturen, gjer handlingsrommet til reiselivsnæringa trongt.

I tillegg må næringa ta omsyn til innbyggjarane i Longyearbyen. Sjølv om gjennomsnittet ser nokså positivt på turisme, er mange skeptiske til for eksempel for mange besøkande på ein gong.

– Spesielt om sommaren er dette eit problem. Mange meiner òg at turismen fører til slitasje, forstyrringar og forsøpling, seier Hovelsrud.

– På den andre sida vedgår innbyggjarane at turismen har bidrege til betre flytilbod, fleire restaurantar og butikkar og større utviklingsmoglegheiter.

Professor og Forskar 1 Grete Hovelsrud har lenge forska på klimatilpassing på Svalbard. Foto: Marta Anna Løvberg

Nye tider, nye moglegheiter

Med alle desse utfordringane som bakteppe, arrangerte prosjektet ein arbeidsverkstad i Longyearbyen i desember i fjor, der løysingar for framtidas reiseliv blei diskutert. På verkstaden deltok blant anna 24 reiselivsaktørar og sju forskarar.

Blei det funne nokre forslag til løysingar? I høgste grad.

I etterkant av arbeidsverkstaden har prosjektgruppa utvikla dokumentet «Mulighetsrommet for fremtidig reiselivsutvikling på Svalbard». Her legg dei fram ei rekke tiltak som kan hjelpe reiselivet inn i ei lovande framtid.

– Sjølv om det er knytt stor uvisse til turisme utanfor Longyearbyen, er moglegheitene store for både å vidareutvikle eksisterande reiselivsprodukt og skape nye i området Longyearbyen og Isfjorden, seier Halvor Dannevig, som er leiande seniorforskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking. Han har leia arbeidet med å studere korleis dei nyaste framskrivingane av klima- og miljøendringar kan påverke reiselivet på Svalbard og korleis dei som driv med reiseliv kan tilpasse seg endringane.

Minkande havis gjer at kvalross, sel og isbjørn kjem nærare Longyearbyen, og skaper potensial for opplevingar av dyreliv. Også kvalsafari og fiske blir trekt fram som moglege aktivitetar å satse på. Det aukande dyrelivet gjer dessutan camping mindre freistande, så behovet for trygge og unike overnattingsstader vil auke.

– I tillegg foreslår vi fleire bynære opplevingar som spelar på den arktiske naturen og den unike "Svalbard-følelsen". Konsept som "Taste of Svalbard" og "Lån ein lokal" er gode idear i denne sjangeren, seier Dannevig.

Halvor Dannevig er leiande seniorforskar ved Vestlandsforsking. I prosjektet har han hatt ansvar for å finne svar på korleis reiselivsaktørane på Svalbard kan tilpasse seg klima- og miljøendringane øygruppa står overfor. Foto: Ragnhild Freng Dale

Ønsker lengre opphald

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det å komme seg til Svalbard, sjeldan er sunt for klima og miljø. Både flyreiser og cruisetrafikk har eit stort karbonfotavtrykk. Når det likevel er bestemt at det skal bu folk på Svalbard og at turistnæringa er ein viktig del av næringsgrunnlaget, må flytrafikken vere ein del av biletet. Målet er likevel å redusere i talet på flygingar.

– Skal ein klare det samtidig som ein held oppe verdiskapinga, må turistane opphalde seg lengre på Svalbard, seier Dannevig.

– For å få dette til, føreslår deltakarane på arbeidsverkstaden mellom anna at pakkereiser har minimum 5-6 dagars opphaldslengd. Vi meiner òg at det bør stillast større krav til varigheit på opphald i høgsesongen enn i lågsesongen.

Prosjektgruppa lanserer òg forslag om betre samarbeid mellom aktørane i reiselivet, slik at reisene blir fylt med meir innhald. Og kva med eit «Svalbard-kort», som gir rabattar frå den femte aktiviteten ein bestiller?

– Vi kjem dessutan med eit råd om at Svalbard museum og UNIS kjem på bana med opplegg som blir tilbode alle turistar, slik at både lengda på opphaldet og kunnskapsnivået aukar, seier Dannevig.

Omsynsfulle besøkande

Kunnskap er eit viktig stikkord. Besøkande til Svalbard bør få vite at dei er i eit av områda i verda som er mest merkt av klimaendringar.

– Denne kunnskapen kan skape merksemd om klima- og miljøendringar i Arktis og bidra til åtferdsendringar hos turistane, seier Grete Hovelsrud.

På stillehavsøya Palau har dei innført ei erklæring som turistane skriv under på, der dei forpliktar seg til sporlaus ferdsel og omsynsfull åtferd både overfor natur og lokalsamfunn.

– Kva med et liknande ordning på Svalbard, spør Hovelsrud.

Når det gjeld innbyggarane si bekymring over turisttrengsel i samband med cruiseanløp, tilrår prosjektgruppa betre spreiing i talet på cruiseskip. Også Svalbard sine mange guidar blir oppmoda om å snakke saman, slik at dei ikkje tek med turistgruppene sine på same stad til same tid.

Alt i alt trur forskarane i prosjektet at tiltaka dei og reiselivsnæringa saman har kome fram til, viser at det finst ei framtid for dei som lever av turisme i Longyearbyen.   

– Vi meiner at det finst eit stort moglegheitsrom for å skape eit berekraftig reiseliv på Svalbard òg i framtida, seier Hovelsrud.

Nettdokument: Mulighetsrommet for fremtidig reiselivsutvikling på Svalbard

PDF: Mulighetsrommet for fremtidig reiselivsutvikling på Svalbard