Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

View Original

Sette søkelys på klimatilpassing under Arendalsuka 2024

Korleis går det med klimatilpassingsarbeidet i norske kommunar? Vestlandsforsking og NTNU Geografi la fram ei ny kommunerangering som viser eit tydeleg sprik mellom dei store bykommunane og dei mindre distriktskommunane når det gjeld innsats for å redusere fysisk klimarisiko.

I debatten blei statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete, utfordra på kva embetet vil gjere opp mot ein av konklusjonane i årets rangering, altså at små og mellomstore kommunar på Vestlandet kjem dårlegast ut i rangeringa.

Navarsete viste til eit nytt forprosjekt som er under oppstart denne hausten. Der skal Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og KS Vestland førebu ein såkalla “analysedugnad” som dei vil invitere alle kommunane i Vestland med på. Denne dugnaden skal dei gjennomføre som eit hovudprosjekt.

– Målet er å avklare kva typar klimarisiko dei ulike kommunane står overfor, og kva førebyggjande tiltak det er viktigast å starte opp med, fortel senterleiar i Noradapt, Carlo Aall.

”Norske kommunar sin klimainnsats rangert”, nettsak på nrk.no, 15. august

NRK P1 (NRK Sogn og Fjordane), radioinnslag, 16. august

– Klimaarbeidet er også kommunalt, leiarartikkel i Nationen, 18. august

Vestlandsforsking gjennomførte seks arrangement under Arendalsuka 2024, to av dei i samarbeid med Noradapt. Direktør Anne Karin Hamre var blant deltakarane.

Rassikring eller nye motorvegar?

Klimatilpassing i vegsektoren var tema for eit anna arrangement. Representantar for Statens vegvesen og Nye Veier AS la fram sine vurderingar av korleis det går med denne innsatsen. Dei to aktørane har saman med Norges forskingsråd finansiert prosjektet “Klimavei”, leia av Vestlandsforsking med NGI og Menon Economics med på laget. På arrangementet la dei tre forskingsinstitusjonane fram tilrådingar om korleis vegsektoren betre kan analysere fysisk klimarisiko og framlegg til ein ny metodikk for å vurdere samfunnsøkonomisk nytte av tiltak for klimatilpassing. I debatten mellom Cecilie Knibe Kroglund (statssekretær i Samferdsledepartementet, Ap), Marianne Sæhle (fylkestingsmedlem Vestland fylkeskommune, SV), Randi Walderhaug Frisvoll (leiar for Nasjonal rassikringsgruppe) og Randi Storhaug (nestleiar i Norges Naturvernforbund) la Vestlandsforsking fram dette spørsmålet til diskusjon: “Gir samfunnsøkonomisk analyse av klimatilpassing meir til rassikring og mindre til nye motorveier?”