Brukarpanel

Noradapt har invitert representanter for nøkkel-institusjonar i arbeidet med klimatilpassing til å delta i eit brukarpanel.

Medlemmer av brukarpanelet

  • Miljødirektoratet
  • DSB
  • Norsk klimaservicesenter
  • NVE
  • KS
  • Statens vegvesen
  • Kartverket
  • Vestland fylkeskommune
  • Rogaland fylkeskommune
  • Statsforvaltaren i Troms og Finnmark
  • Kommunar: Trondheim, Bergen, Oslo, Sunnfjord, Sogndal
  • Finans Norge
  • Vestland Bondelag

Forskinga Noradapt utfører innan klimatilpassing skal etter intensjonen vere tett kopla til kunnskapsbehova i ulike samfunnssektorar.

Dette er bakgrunnen for at Noradapt oppretta eit eige brukarpanel i 2019.

Sikre relevans

Brukarpanelet er ein ressurs som Noradapt brukar til å gjere forskinga på feltet brukarrelevant, sikre god dialog og samhandling mellom senteret og brukarar. 

To møte i året

Brukarpanelet samlast digitalt to gonger i året, der Noradapt og medlemmane av panelet orienterer kvarandre gjensidig om arbeidet med klimatilpassing og nye, relevante prosjekt. Informasjon frå desse møta blir nytta til å  utvikle idear til nye fou-prosjekt, til nytte for brukarane av kunnskap om klimatilpassing.

Det er alltid mogeleg å føreslå tema i forkant av samlingane.

Ta kontakt om du lurer på noko om Noradapt, brukarpanelet eller vil vere med på samlingane:

Marta K. Jansen, brukarkontakt