Om Noradapt — Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

Noradapt er eit nasjonalt senter for berekraftig klimatilpassing. Vestlandsforsking driv senteret, som består av åtte partnarinstitusjonar.

Fleire jordskred vart utløyste etter at finvêrsperioden vart avløyst av styrtregn i Jølster i juli 2019. Bustadfeltet Årsetbakkane var blant områda som vart råka av jordskred og flaum. (Foto: Linda Olin Reite)

Fleire jordskred vart utløyste etter at finvêrsperioden vart avløyst av styrtregn i Jølster i juli 2019. Bustadfeltet Årsetbakkane var blant områda som vart råka av jordskred og flaum. (Foto: Linda Olin Reite)

I åra som kjem vil klimaendringane påverke alle delar av det norske samfunnet. Ein brei og samordna innsats må til for å finne løysingar på dei områda som blir negativt påverka.

Gjennom Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, med kortnamnet Noradapt, arbeider forskarar frå åtte forskingsinstitusjonar med å byggje og samle ny kunnskap om korleis ulike samfunnsaktørar kan tilpasse seg klimaendringane på ein berekraftig måte.

Kva er berekraftig tilpassing?

Arbeidet med klimatilpassing må ikkje vere i konflikt med dei andre berekraftmåla. Dette betyr særleg to ting: 

1) Miljøvenleg klimatilpassing: At tilpassingstiltak ikkje må auke utsleppa av klimagassar eller føre til tap av biologisk mangfald; helst bør tiltaka også redusere klimagassutsleppa og auke det biologiske mangfaldet.

2) Risikovenleg utsleppsreduksjon: At tiltak for reduksjon av klimagassutslepp eller lagring av karbon ikkje må auke den fysiske klimarisikoen; helst bør slike tiltak også bidra til å redusere den fysiske klimarisikoen.

Du kan lese meir om utvikling av omgrepet "berekraftig klimatilpassing" i eit spesialnummer av det vitskaplege tidsskriftet "Weather, Climate, and Society".

OPNA I 2018

Den formelle opningsdatoen for Noradapt var 17. desember 2018. Statssekretær Atle Hamar (V), stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) og leiaren i næringsutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karen Marie Hjelmeseter (Sp) stod for opninga.

LEVANDE LABORATORIUM

Noradapt er drive av Vestlandsforsking i Sogndal, som ligg sentralt i Vestland fylke.

Natur, landskap og vêrforhold i regionen gir eit unikt utgangspunkt for å studere endringane Norge vil møte i åra framover. Noradapt sitt omland fungerer m.a.o. som eit levande laboratorium i forskinga på klimatilpassing.

Kva gjer noradapt?

NYNORSK_blaa_bak-NORADAPT-M.jpg
  • Rettleiing: Forskingsbaserte råd til næringsliv og til offentlege institusjonar som rettleiar andre.

  • Utgreiing: Utviklar brukartilpassa kunnskap om klimatilpassing i dialog med private og offentlege verksemder.

  • Næringsutvikling: Samarbeider med næringslivet om nye produkt og tenester innan klimatilpassing, t.d. risikodempande teknologi.

  • Forskingsformidling: Deler forskingsfunn med ålmenta i form av m.a. føredrag, webinar og kronikkar. Medarrangør av den årlege, nasjonale konferansen #Klimaomstilling i Sogndal.

  • Undervisning: Underviser i klimatilpassing på høgskule- og universitetsnivå, m.a. på masterprogrammet Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet.