Partnarar

Noradapt omfattar forskarar frå åtte forskingsinstitusjonar, og dekker eit breitt fagleg spektrum, frå klimavitskap til samfunnsvitskap. Forskarane bidreg til prosjekta dei er med i ut frå sin faglege profil, og det meste Noradapt utfører av forsking og utgreiingsarbeid er tverrfagleg. Sidan det er samfunnet si tilpassing til klimaendringar forskinga handlar om, legg vi vekt på å trekke inn representantar for ulike samfunnssektorar og institusjonar i forskingsprosessen.

Forskingspartnarar i Noradapt

Dei åtte partnarinstitusjonane i Noradapt er NORCE (både NORCE Klima og NORCE Samfunn), Nordlandsforsking, CICERO Senter for klimaforskning, Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, Institutt for geografi ved NTNU, SINTEF Community (tidlegare SINTEF Byggforsk), Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.

Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking jobbar spesielt opp mot samfunnsaktørar og institusjonar som kan ha behov for å tilpasse seg klimaendringane.

Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking jobbar spesielt opp mot samfunnsaktørar og institusjonar som kan ha behov for å tilpasse seg klimaendringane.

Vestlandsforsking står for drift og dagleg leiing av Noradapt. Du finn kontaktinformasjon her.

Leiargruppa i Noradapt

Noradapt er styrt av ei leiargruppe der kvar institusjon i samarbeidet har ein representant. Du kan lese meir om leiargruppa og medlemmane her.