Berekraftig klimatilpassing er sjølve kjernen i det Noradapt driv med - men kva går det eigentleg ut på? Noradapt inviterer forskarar i Noreg og andre land til å bidra til i ei spesialsamling av fagartiklar i tidsskriftet “Weather, Climate, and Society”. Artiklane skal utforske det viktige, men noko uklare omgrepet.
Noradapt har valt å forske på og for "berekraftig" klimatilpassing. Den kortfatta forklaringa på det er at senteret legg vekt på at det samfunnet gjer av klimatilpassing må vere i tråd med FN sine mål for berekraftig utvikling.
Vil utforske omgrepet
Fordi “berekraftig klimatilpassing” er eit nytt omgrep, er det likevel rom for å utforske tydinga vidare. Kva inneber dette tillegget, og korleis skil "berekraftig klimatilpassing" seg frå "klimatilpassing"? Det finst ikkje noko enkelt svar på dette i dag, og Noradapt har som mål å bringe fram svar gjennom forskning og utvikling på området.
For å få eit så godt fagleg og teoretisk fundament å starte dette arbeidet med, vil Noradapt invitere forskarar, både frå Noreg og andre land, til å reflektere rundt kva berekraftig klimatilpassing kan vere. Dette gjer vi gjennom ein såkalla special collection i tidsskriftet Weather, Climate, and Society, som blir gitt ut av American Meteorological Society.
Ut i 2021
Redaktørane i spesialsamlinga er ei tverrfagleg gruppe forskarar med tilknyting til Noradapt. Dei har sett 15. september 2020 som frist for å sende inn abstract og 31. desember 2020 som frist for å sende inn manuskript. Prosessen med fagfellevurdering og redigering vil føregå hausten 2020. Artiklane i samlinga vil bli truleg først bli publiserte i 2021.
Kontaktperson er professor Carlo Aall, leiar i Noradapt og (Vestlandsoforsking og Høgskulen på Vestlandet), og spørsmål kan rettast til han på e-post.