Sirkku Juhola skal leie Noradapt sitt vitskaplege råd

Sirkku Juhola er frå 2021 leiar av det internasjonale vitskaplege rådet for Noradapt. Professoren er ein sentral talsperson for klimatilpassing i heimlandet Finland.

Sirkku-Juhola_1024-410x410.jpg

Sirkku Juhola er professor i urban miljøpolitikk ved Universitetet i Helsinki, og leier den tverrfaglege forskingsgruppa Urban Environmental Policy.

Doktorgraden tok ho innan internasjonale utviklingsstudiar ved Universitetet i East Anglia i Storbritannia. Ho har erfaring frå arbeid både i utviklingsland og industriland.

Meir medverknad

I ein velkomstpresentasjon til forskarane i Noradapt 19. mars 2021, tok ho utgangspunkt i tilpassingsstrategien EU-kommisjonen nyleg la fram, og la fram spørsmålet om kor vidt vi har den rette kunnskapen for å tilpasse heile samfunnet til klimaendringane. Ho peikte mellom anna på at det er svært viktig at stat og kommune passar på å trekke inn innbyggjarane, ikkje berre næringslivet, når dei planlegg og set i verk klimatilpassingstiltak.

Sjå presentasjonen hennar

Tilpassing like viktig som utsleppskutt

Johula har vore medlem av det finske klimapanelet sidan 2020. Oppgåva deira er å skaffe eit kunnskapsgrunnlag for finske politikarar, som har vedteke å gjere landet karbonnøytralt innan 2035. Då ho vart med i det finske klimapanelet, tok Juhola til orde for at samfunnet bør legge like stor vekt på klimatilpassing som arbeidet med å få ned utslepp av klimagassar.

Juhola har bidrege til to av dei vitskaplege rapportane frå FNs klimapanel.