NORCE om nye satsingar i Noradapt-timen 20. april

Samfunnet blir stadig meir sårbart for ekstreme vêr- og klimahendingar. Både menneskeliv, viktig infrastruktur, matsikkerheit, transport og mange andre sektorar er utsette for desse farene. Å auke samfunnet si motstandsevne og redusere eksponeringa for klimarisiko, blir difor stadig viktigare.

Landbruket er ein av sektorane der klimaendringane alt har gjort seg gjeldande, både i Norge og globalt. Varsel av vêret i ein heil sesong er eit nytt hjelpemiddel som forskarane i CONFER-prosjektet prøver ut i Aust-Afrika.

Landbruket er ein av sektorane der klimaendringane alt har gjort seg gjeldande, både i Norge og globalt. Varsel av vêret i ein heil sesong er eit nytt hjelpemiddel som forskarane i CONFER-prosjektet prøver ut i Aust-Afrika.

Så langt har mangel på engasjement og kunnskapsutveksling mellom selskap, myndigheiter og forskarar gjort det vanskeleg å handtere klimarisiko. Store mengder informasjon som ville ha vore nyttig for avgjerdstakarar, blir dessverre oversett. 

NORCE i Bergen, som er ein av partnarane i Noradapt, er involvert i to store satsingar som tek sikte på å redusere klimakonsekvensane i klimasårbare sektorar i og utanfor Norge. Til Noradapt-timen 20. april kjem fire forskarar frå instituttet for å presentere forskingsprosjekta Climate Futures og CONFER: Iselin Medhaug, Silje Sørland og Tarje Wanvik.

Sjå opptak av webinaret her: Noradapttimen #3 - NORCE


Vil du vite meir om dei to forskingsprosjekta? Vi har oppsummert kva dei går ut på.

Climate Futures: breitt og langsiktig samarbeid

Dette nystarta prosjektet er eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) som skal skape langvarig samarbeid mellom selskap, offentlege organisasjonar og forskingsgrupper på tvers av sektorar og fagdisiplinar, med siktemål om å kunne handtere ei av vår tids største utfordringar. Meir ekstreme vêrhendingar og -fenomen som følgje av klimaendringar er eit alvorleg trugsmål mot økonomien, mot velferda vår og samfunnet som heilskap. Men klimarisiko blir ikkje godt nok handtert i dag. Dette skuldast blant anna kunnskapshol og svakheiter i avgjerdsprosessar, både i næringslivet og det offentlege.

Climate Futures er organisert som eit konsortium med sju forskingspartnarar og nærare 30 brukerpartnarar frå næringslivet. Finansieringa går over 8 år, frå 2020 til 2028. Samarbeidet omfattar bransjar som landbruk, fornybar energi, katastrofeberedskap, skipsfart, forsikring, finans, risikostyringstenester og offentlege organisasjonar. 

CONFER: varsel for heile sesongen

Der flammene herja i fjor, raste flaumen i år. Australia er blant landa som alt har fått oppleve at klimarelaterte kriser blir stadig vanlegare, og andre delar av verda står for tur.

Vatn i gatene og stengde butikkar i Beletweyne i Somalia. Biletet er frå september 2012 (Foto: Hardo/Flickr).

Vatn i gatene og stengde butikkar i Beletweyne i Somalia. Biletet er frå september 2012 (Foto: Hardo/Flickr).

Dersom forskarar kan levere varsel for vêret gjennom heile sesongar, kan det bidra til å motverke dei verste konsekvensane. I eit EU-finansiert prosjekt med kortnamnet CONFER, studerer forskarar frå NORCE klimaendringane i Aust-Afrika, ein region med 11 land og ei befolkning på over 360 millionar.

Prosjektet skal utvikle skreddarsydde klimatenester for vatn-, energi- og matvaresektorane i samarbeid med interessentar og sluttbrukarar. Målet er å gjere desse sektorane meir tilpassingsdyktige og bu seg betre på vêrsvingingar i kommande sesongar. 

Skal hjelpe opptil 365 millioner mennesker i Afrika med bedre klimavarsling


opptak av webinaret finn du her: Noradapt-timen 3