Kronikk: Kutte tre for å kutte utslepp?

Forskarane Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Torbjørn Selseng har skrive ein kronikk der dei tek til orde for ein meir heilskapleg klima- og miljøpolitikk som sikrar at “grøne” løysingar ikkje går ut over kvarandre. Det må med andre ord vere eit positivt samspel mellom tiltak som skal redusere klimautslepp og omsyn som klimatilpassing og biologisk mangfald.

Tematikken er henta frå eit oppdrag Vestlandsforsking har gjennomført for KS i 2021.

Kronikken “Kutte tre for å kutte utslepp?” blei publisert i Nationen si fagspalte “Faglig snakka” 2. juni 2021.