Noradapt-timen 31. august: Frå strukturell kompleksitet til tidsproblem

I Noradapt-timen 31. august kl. 10 høyrer du Simon Neby ved Universitetet i Bergen og Senter for klima og energiomstilling (CET) snakke om korleis mangel på tid påverkar norsk klimapolitikk og -forvaltning.

Professor Simon Neby er tilknytt UiB og CET og medlem av leiargruppa i Noradapt (Foto: Andreas Graver)

Professor Simon Neby er tilknytt UiB og CET og medlem av leiargruppa i Noradapt (Foto: Andreas Graver)

Mange har argumentert for at klimaproblemet samla sett er eit slags ultimat gjenstridig problem. Mykje av dette er grunngitt med kompleksitetsutfordringar - med det høge talet på aktørar, dei politiske motsetnadene, den vanskelege kunnskapen, manglande ansvarslinjer. Eit tema som i mindre grad er utforska i denne samanhengen, er kva for tidsmessige utfordringar politikk og forvaltning i praksis må handtere når vi skal utvikle ein politikk for ein berekraftig framtid.

Frå klimaets uendelegheit til kommunale planars rotasjonstakt, frå vass- og avløpssystema si levetid til valsyklusar, frå avgjerders midlertidigheit til det permamente omstillingsbehovet.

Noradapt-timen 31. august tek for seg spørsmålet om korleis vi kan gå fra å beskrive strukturell kompleksitet til å diskutere tidsmessige utfordringar som utgangspunkt for avgjerdstaking i klimapolitikken: kva skal til for ikkje berre å koordinere aktørar, men treffe livskraftige avgjerder over tid?

Innlegget byggjer på ein pågåande studie av tid i forvaltninga av norsk klimapolitikk ved Simon Neby. Neby er professor i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved UiB og CET.

Alle kan delta på webinaret.

Zoom-lenke: https://us02web.zoom.us/j/89437537182

Bannerfoto: Heather Zabriskie via Unsplash