Ei ny, nettbasert teneste viser kor mykje snø, sludd og regn dei viktigaste skiregionane i Noreg kan vente seg mot midten og slutten av hundreåret.
Tenesta er utvikla av forskingsprosjektet ClimTour, som Vestlandsforsking leier.
Ein omtale av tenesta er publisert på forsking.no 17. november, samtidig med at ClimTour-prosjektet la fram resultata frå prosjektet. Teksten er skriven av kommunikasjonsansvarleg i Noradapt og Vestlandsforsking, Idun A. Husabø.