Ti råd til departementet: – Vi må ikkje kome på kant med andre berekraftsmål

Det viktigaste av Noradapt sine råd til klima- og miljøministeren om klimatilpassing, er å sikre at arbeidet med klimatilpassing ikkje kjem på kant med andre berekraftmål.

Saman med andre inviterte frå næringsliv, forsking og frivillige organisasjonar, leverte Noradapt innspel til klima- og miljøminister Espen Barth Eide 29. november. Ministeren held dette innspelsmøtet i samband med at regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om klimatilpassing neste år.

Senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, var den som framførte råda (sjå komplett liste nedanfor). Han understreka særleg kor viktig det er at samfunnet ikkje satsar på tiltak for klimagassreduksjon eller klimatilpassing som slår kvarandre i hel eller som går ut over andre berekraftsmål.

Førre stortingsmelding om klimatilpassing kom for 10 år sidan. (Skjermdump frå regjeringen.no)

– Vi kan til dømes ikkje satse på å plante gran over heile Vestlandet, eit karbonbindingstiltak vi veit kan auke risikoen for skred der terrenget er bratt, seier Aall. Og motsett må dei som skal utforme tiltak for å verne oss mot meir skred og flaum, òg tenke grundig gjennom om tiltaka dei føreslår kan slå negativt ut i form av auka utslepp.

– Omsynet om ikkje å gå i vegen for andre berekraftmål må gå begge vegar. Ein kan kalle det å legge eit berekraftfilter på alle klimatiltak, seier Aall.

Mange av dei som leverte innspel til ministeren, peikte på eit behov for sterkare samordning på tvers av sektorar. Aall er einig i at klimatilpassing er ein type utfordring som berre kan løysast viss alle går i takt.

– I sommar skreiv vi i Noradapt i ein kronikk at Klima- og miljødepartementet, som har ansvar for dette viktige feltet, bør løftast opp til å bli eit gjennomgåande eller overordna departement, på linje med Finansdepartementet, avsluttar Aall.

Nedanfor finn du eit samandrag av innspela som vart overlervert munnleg på eit møte 29. november 2022. Her kan du lese fullversjonen av innspela.


 

Noradapt sine ti råd til miljøministeren om berekraftig klimatilpassing

Bakgrunnen for innspela er mandatet til Noradapt om å bidra til berekraftig klimatilpasning, og desse ti råda dreier seg om å få til dette.

1.     Verda kan ikkje lenger greie seg med ‘justeringar’ av samfunnet; verda må over i ein ‘omstillingsfase’ med langt meir omfattande og radikale tiltak.

2.     Med denne overgangen blir det endå viktigare å sørgje for at klimatilpassing ikkje kjem i konflikt med andre sentrale berekraftsmål.

3.     Radikal auke i ressursinnsatsen: Ein indikator på at klimatilpassing er veslebroren i klimaarbeidet, er at temaet i 2017 fikk 2 % av dei samla midlane til klimaforsking.

4.     Radikal styrking av det sektorovergripande arbeidet: Dagens sektorprinsipp fungerer ikkje godt nok, det er difor nødvendig å få på plass mekanismar som kan tvinge sektorane til å gjennomføre klimatilpassing.

5.     Ei radikal forståing av målet om å unngå feiltilpassing: Klimatilpassing må ikkje berre unngå konfliktar med, men også bidra til å nå andre sentrale berekraftsmål.

6.     Tilpassingsomsyn må også legge avgrensingar på andre sentrale berekraftsmål, til dømes omsynet til faren for jord- og snøskred etter hogst må legge avgrensingar på planane om granplanting på Vestlandet for å binde karbon.

7.     Også adressere grenseoverskridande klimarisiko. Dette bringer inn nye og radikalt meir kontroversielle tema enn ‘vatn på avvege’, t.d. matvare- og energisikkerheit.

8.     Frå effekt- til årsaksinnretta tiltak: Klimatilpassing må i større grad rette seg inn mot dei samfunnsendringane som gjer oss meir utsette for klimaendringar

9.     Greie ut vern av 30-50 % av gjenverande naturområde: Følge opp tilrådingane frå siste hovedrapport til FNs klimapanel om å sikre robuste økosystem og naturmangfald globalt gjennom vern av 30-50 prosent av jordas land-, ferskvanns- og havområde.

10. Styrke evalueringa av arbeidet med klimatilpassing: Jf. kritikken frå Riksrevisjonen, og den manglende operasjonaliseringa av indikatorar for klimatilpassing i statens system for miljømål.