FNs klimapanel publiserte 28. februar nok ein delrapport frå den sjette hovedrapporten. Her slår dei fast at klimaendringane vil skade naturen meir enn ein har trudd tidlegare. I Noradapt-timen 10. mars vil forskarane i Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd diskutere dei nye funna.
Det siste nye frå FNs klimapanel er dystre nyheiter: Det hastar meir enn ein har trudd tidlegare å legge om til ei klimarobust utvikling. Dette handlar om både å avgrense klimaendringane og om å tilpasse samfunnet - samtidig som vi jobbar for ei berekraftig utvikling. FNs klimapanel understrekar at å ta vare på økosystem, er grunnleggande for å lukkast med ei klimarobust utvikling.
Kva betyr dette og korleis skal vi forholde oss til funna i rapporten?
Noradapts internasjonale vitskapsråd diskuterer funna i delrapporten og korleis det nye biletet vil påverke oss no og i framtida.
Webinaret blir halde 10. mars kl. 13-15 og vil denne gongen føregå på engelsk.
Delta her (gratis og ope for alle):
https://us02web.zoom.us/j/85618331640
Bannerfoto: www.environmentalgraphiti.org © 2022 All rights reserved. IPCC.