Bannerfoto: Karoline O.A. Pettersen
I Noradapt-timen 25. mai møter du to berekraft-forskarar frå Nordlandsforsking og Norce Samfunn. Dei tek for seg temaet omstilling til berekraft gjennom FNs berekraftsmål.
Siri Veland frå Norce Samfunn og Aase Kristine Lundberg frå Nordlandsforsking (begge samfunnsgeografar og seniorforskarar) fortel om omstilling til berekraft gjennom FNs berekraftsmål og løftar fram ulike tilnærmingar, målkonfliktar og positive synergiar.
Arbeidet deira med berekraftsmåla strekkjer seg over fleire prosjekt, inkludert Field of Goals om kommunal planlegging, tidlegare samarbeid med Nordland fylkeskommune og kommunar på Grønland, OutGen, som handlar om utmarksforvaltning, og fleire andre.
Tidspunkt: onsdag 25. mai kl. 12–13