Seniorforskar og koordinator for Noradapt, Eivind Brendehaug, skriv i Aftenposten at Norge er langt unna å kunne innfri løfta frå Montreal, der naturavtalen blei underskriven seint i 2022.
Debattinnlegget blei publisert i Aftenposten 3. januar 2023.
Noradapt dokumenterer i si forsking at omsynet til naturmangfald er svakt integrert i politikken for fornybar energi og reduksjon av klimautsleppa, skriv Brendehaug. Han etterlyser meir kontakt på tvers mellom relevante departement for å få til endringar som kan bidra til å løyse klima- og naturkrisene.