Bannerfoto: Oppdemt smeltevatn ved Tyrstigbreen i Stryn. Foto: Yongmei Gong
Varmt sommarvêr og bresmelting kan gjere at det samlar seg vatn i fjellet som brått renn nedover. Nyleg gjorde NTNU feltarbeid om slike jøkulhlaup ved Hardangerjøkulen og Jostedalsbreen, og 21. juni kan du høyre om funna deira i Noradapt-timen.
Universitetslektor Pascal Egli ved institutt for Geografi ved NTNU held Noradapttimen onsdag 21. juni kl. 12.15-13.00 med temaet: “Korleis vi kan forutsjå faren for Jøkulhlaup i Norge og utlandet?”
Egli presentarer innsikt frå feltarbeid på Hardangerjøkulen og Jostedalsbreen gjennom forskingsprosjektet Gotheca, som ser på kva klimaendringane har å seie for smelting frå breane, og kva følgjer det kan få for natur og samfunn.
Egli vil presentere forventa endringar i vassføringa i ein brearm av Hardangerjøkulen, Rembesdalskåka, og på Tystigbreen i nordenden av Jostedalsbreen.
Han vil kome inn på faren for jøkulhlaup i desse to områda. Jøkulhlaup er ei frykta hending der oppdemma brevatn bryt gjennom ei morenedemning, og kan skape store øydeleggingar.
Denne utgåva av Noradapt-timen blir på engelsk.
Lenke til webinaret: https://us02web.zoom.us/j/87285458989?pwd=OVFSSEhPNERyYmZ