– Fylkeskommunane er nok viktigare enn mange trur

Torbjørn Selseng er stipendiat og forskar ved Vestlandsforsking og tilknytt Noradapt. Foto: Endre Hilleren

Ein aktiv fylkeskommune er avgjerande for klimatilpassingsarbeidet i kommunane, viser ny forsking frå Noradapt.

I Noreg har fylkeskommunen eigentleg mista  den formelle rolla si i klimatilpassingsarbeidet. Likevel er det nokon som prioriterer dette arbeidet og legg ned ein stor innsats for at kommunane skal få den støtta og rettleiinga dei treng, forklarer Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

– No kan me endeleg slå fast at det har mykje å seie. Kommunane som har ein aktiv fylkeskommune i ryggen, får til meir. Og det gjeld spesielt dei minste kommunane.

– Fylkeskommunane er nok viktigare enn mange trur, slår han fast. 

Viktige funn

Funnet kjem frå ein nyleg publisert artikkel i den anerkjende tidsskriftet Sustainable Development. Artikkelen brukar statistikk til å kontrollere for effekten av ei rekke drivarar av klimatilpassingsarbeidet i norske kommunar.

 I artikkelen legg forskarane fram fleire funn dei reknar som viktige:

  • Støtte frå det regionale nivået er viktig for alle, men heilt avgjerande for dei minste kommunane.

  • Det er graden av rettleiing og støtte som betyr noko for kommunane, ikkje kva type støtte dei får.

  • Kommunestorleik, risikosyn, politisk støtte, deltaking i nettverk og samarbeid med innbyggarar og næringsliv er òg viktige føresetnader for klimatilpassingsarbeidet.

  • Kommuneøkonomi og bemanning har lite å seie for kor langt framme ein er i arbeidet.

  • Å ha lokalsamfunnet og politikarane i kommunen på laget, er ein viktig føresetnad for å få prioritert og gjennomført klimatilpassing. Men når det gjeld å få til ei berekraftig innretting på arbeidet, står kommuneadministrasjonar friare.

Gjer mykje nytt

– Me klarar å avdekke desse funna fordi me gjer fleire ting som er heilt nytt, seier Selseng. Mellom anna gjer dei eit viktig grep knytt til spørsmålet «kva er klimatilpassing?».

– Det er ikkje sånn at klimatilpassing blir forstått og gjennomført likt alle stader. Forskinga så langt har ikkje vore god nok til å sjå på konteksten og nyansane i klimatilpassingsarbeidet, seier Selseng.

I artikkelen deler dei opp klimatilpassing i ulike aktivitetar: kor god ein er på måling og rapportering, kor viktig framtidsklima er i arbeidet, kor god ein er på å ta omsyn til andre politikkfelt, kor god ein er til å ta klimatilpassing inn prosessar og planar i kommunen, og i kor stor grad ein gjennomfører faktiske tiltak.

Fritt fram å velje berekraftig klimatilpassing

– Nokon kan vere gode på å planlegge godt, og nokon vere gode på å stikke spaden i jorda og gjennomføre tiltak.

Og der er det ein viktig skilnad. For å gjennomføre tiltaka, treng ein støtte frå lokalpolitikarane og lokalsamfunnet. Dei må godta at kommunen brukar pengar, og at kommunen gjer endringar i til dømes bustadfelt og vegar.

– Men å planlegge på ein god måte, krev ikkje i same grad at politikarane og næringslivet seier at det er greitt.

Forskarane meiner det betyr det at kommuneadministrasjonar i stor grad kan bestemme sjølv om dei vil drive klimatilpassing berekraftig og heilskapleg, der ein tenkjer samspel og vinn-vinn med andre fagområde, som utsleppsreduksjon, naturtap, og energi.

– Kommunetilsette kan ikkje bruke mangel på politisk støtte eller støtte frå lokalsamfunnet som argument for at dei ikkje klarar å sjå klimatilpassing i eit berekraft-perspektiv, seier Selseng.

– Men det betyr verkeleg ikkje at kommunar bør tone ned dialogen med innbyggarane. Det går ikkje. Alle må med, som det heiter i FNs berekraftsmål.

 

Artikkelen kan lesast her