Ny database med eksempel på klimatilpassing i kommunar

Kva slags tiltak har kommunar gjennomført for å tilpasse seg framtidas klima? Det har Noradapt laga ei ny oversikt over. - Me har utvikla dette for at ikkje alle kommunane skal måtte sitte kvar for seg og finne opp hjulet på nytt, seier Marta Jansen ved Vestlandsforsking.

Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) har utvikla ein database med klimatilpassingstiltak som alt er gjennomførte i norske kommunar.

Marta Jansen er brukarkontakt i Noradapt og tilsett som forskar ved Vestlandsforsking

- Databasen skal vere eit oppslagsverk som kan brukast for å sjå kva for tiltak ein kan gjennomføre i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Ein kan òg bruke den til å sjå kven som allereie har gjennomført eit spesielt tiltak, for å hauste deira erfaringar og etablere nye samarbeid, forklarer Marta Jansen, som er forskar og har rolla som brukarkontakt i Noradapt.

Tenesta er tilgjengeleg på nettsida til Norsk klimamonitor.

Sjå dei tiltaka du ønsker

I databasen er det mogleg å sortere tiltak ut frå kategoriar ein er spesielt interessert i, anten det er tiltak retta mot ein spesiell klimapåverknad eller om ein berre ønsker å sjå tiltak i eit bestemt fylke. Marta Jansen, seier det har mangla eit slikt register over klimatilpassingstiltak.

- Tidlegare fanst det ein liknande database på Miljødirektoratet sine heimesider, men denne eksisterer ikkje lenger. Me har utvikla dette for at ikkje alle kommunane skal måtte sitte kvar for seg og finne opp hjulet på nytt.

Faksimile frå case-databasen på heimesida til Norsk klimamonitor

Dette er berre starten

Jansen fortel vidare at det er registrert relativt få fysiske tiltak i databasen så langt. Ho presiserer at forvaltninga og andre aktørar nok har gjennomført fleire tiltak enn det dei fanga opp då dei utvikla databasen. Dei viktigaste datakjeldene er lister over tiltak som har fått tilskot frå Miljødirektoratet og prosjekt som har vore gjennomført av Vestlandsforsking/Noradapt. I tillegg er det henta inn eksempel frå oversiktar utarbeidd av Rogaland fylkeskommune og NVE.

Mange av tiltaka i databasen er ikkje nødvendigvis konkrete fysiske tiltak. Dei kan til dømes handle meir om planverk eller juss. Likevel reknar forskarane med at fleire fysiske tiltak vil komme til etter kvart. Databasen, som så langt inneheld opplysningar om 244 prosjekt, vil bli oppdatert med nye tiltak etter kvart som forskarane får kjennskap til dei.

- Kjenner du til tiltak som ikkje er omtalte i denne databasen, vil vi gjerne at du tek kontakt med oss, seier Marta Jansen.