Noradapt har for andre år på rad rangert klimainnsatsen til norske kommunar. Den viser at dei kommunane som er mest påverka av klimaendringar, også er dei som gjer mest for å tilpasse seg.
Kystkommunane på Vestlandet får det verst, med krevjande klimaendringar og låg innsats for klimatilpassing.
Påverknad, innsats og risiko
Tala blei presentert i Arendal 15. august og er brote ned på tre forhold:
Kor påverka kommunen blir av klimaendringar i nær (2050) og fjern (2100) framtid
Kor stor innsats kommunen legg ned
Kor stor «klimarisiko» kommunen er utsett for i nær og fjern framtid
Sterkast respons hos dei mest påverka
– Dei som er mest påverka er også dei med sterkast respons, seier NTNU-professor og gjesteforskar hjå Vestlandsforsking, Jan Ketil Rød, til NRK. Rød presenterte dei nye tala på vegner av Noradapt i Arendal 15. august.
Her kan du sjå hva for kommunar som ligg og dårlegast an.
Oppdaterer grunnlaget
Riksrevisjonen har i sommar kritisert regjeringa for svak samordning i klimatilpassingsarbeidet. Støre-regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe for å oppdatere kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget i møte med fleire og større flaumar.
Les NRK si sak om kommunerangeringa
Her gjer dei mest og minst for å førebu seg på klimaendringar
Minst innsats i dag (talverdi)
Flå 13
Sande, Møre og Romsdal 13
Rindal 13
Gratangen – Rivtták 13
Vardø 13
Fedje 13
Nissedal 11
Krødsherad 10
Guovdageaidnu – Kautokeino 4
Unjárga – Nesseby 2
Minst påverka av klimaendringar i 2100 (talverdi)
Båtsfjord 36
Berlevåg 35
Engerdal 35
Vadsø 34
Nore og Uvdal 33
Hemsedal 33
Hol 33
Kárásjohka – Karasjok 32
Unjárga – Nesseby 32
Guovdageaidnu – Kautokeino 30
Minst klimarisiko i 2100 (talverdi)
Stange 115
Indre Østfold 114
Skiptvet 111
Froland 109
Hamar 108
Elverum 104
Gáivuotna – Kåfjord – Kaivuono 104
Tolga 102
Gausdal 101
Hol 95
Størst innsats i dag (talverdi)
Stavanger 100
Oslo 95
Bærum 89
Hamar 87
Gáivuotna – Kåfjord – Kaivuono 85
Lillestrøm 85
Tønsberg 84
Moss 84
Åfjord 83
Bjørnafjorden 83
Mest påverka av klimaendringar i 2100 (talverdi)
Nærøysund 100
Smøla 88
Herøy, Nordland 84
Lurøy 82
Frøya 81
Røst 80
Dønna 80
Steigen 79
Austrheim 79
Øygarden 79
Størst klimarisiko i 2100 (talverdi)
Oslo 260
Bergen 247
Vestvågøy 233
Flatanger 230
Ålesund 224
Vågan 221
Nærøysund 219
Smøla 218
Drammen 216
Værøy 210