Presenterte Noradapt for KDD

Senterleiar Carlo Aall forklarte gjestene frå Kommunal- og distriktsdepartementet kva slags oppgåver Noradapt utfører og kven senteret samarbeider med. Foto: Idun A. Husabø

Forskarar frå Noradapt og Vestlandsforsking møtte planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet i Sogndal 5. juni, og fekk høve til å presentere både senteret og relevante forskingsprosjekt.

Gruppa frå planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) var i Sogn i samband med ein studietur, og ønskte seg ei orientering om relevant forsking på området klima og berekraft.

Senterleiar Carlo Aall gav gjestene ei innføring i kva Noradapt er, korleis senteret jobbar og kvifor “berekraft” er såpass tungt understreka når det gjeld klimatilpassingstiltak.

Ekspedisjonssjef Jarle Jensen (framme til venstre) forklarte kort kva planavdelinga i KDD har ansvar for. Direktør Anne Karin Hamre (framme til høgre) tok deretter over og starta med eit overblikk over forskinga som føregår ved Vestlandsforsking. Dei andre presentasjonane var ved Bror K. R. Tandberg, Kyrre Groven, Carlo Aall og Halvor Dannevig, som alle har band til Noradapt. Foto: Idun A. Husabø

Halvor Dannevig orienterte om Vestlandsforsking sin forskingsaktivitet på klima- og miljøområdet og om eit særleg relevant prosjekt, Integrate Nature-based Solutions, der Vestlandsforsking skal samarbeide tett med Sogndal kommune og der medverknadsprosessar i kommuneplanlegginga står sentralt.

Delegasjonen frå planavdelinga i KDD var svært lydhøyr og viste stor interesse for å få høyre om resultata frå dei ulike prosjekta som vart nemnde. Dei var særleg opptekne av at forskingsfunn som er nyttige for kommunar, når fram til denne målgruppa, både med tanke på formidlingsform og språk.