Varmt sommarvêr og bresmelting kan gjere at det samlar seg vatn i fjellet som brått renn nedover. Nyleg gjorde NTNU feltarbeid om slike jøkulhlaup ved Hardangerjøkulen og Jostedalsbreen, og 21. juni kan du høyre om funna deira i Noradapt-timen.
Skal samfunnet greie å hanskast med dei komplekse utfordringane som kjem med klimaendringane, må folk snakke saman og finne løysingar saman på tvers av fag. Det er kjernen i Klimathon, som nyleg vart arrangert for fjerde gong. – Dette blei til som eit forsøk til å gjere noko anna enn å halde foredrag for kvarandre, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve.