På oppdrag frå Miljødirektoratet har Cicero, Vestlandsforskning og Nordlandsforskning gjennomført ein studie av barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå. Eitt av hovudfunna er at klimatilpassing manglar politisk oppslutning i komunane.
I webinaret Noradapt-timen 26. august gir gir Mikkel Vindegg ved Cicero Senter for klimaforskning djupare innblikk i hovudfunna i rapporten, føreslåtte tiltak, ein gjennomgang av sentrale punkt frå dei tre delane av rapporten og avsluttande tankar rundt sentrale omsyn for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå vidare.
Tidspunkt: fredag 26. august kl. 10-11
Lenke: https://us02web.zoom.us/j/87472622001
politisk oppslutning manglar
Rapporten “Barrierer for klimatilpasning på lokalt og regionalt nivå” byggjer på ei kunnskapssamanstilling om barrierar for klimatilpassing, fem dialogseminar med klimatilpassingsaktørar frå ulike forvaltningsnivå og ein caseanalyse av Hamar kommune.
Dette er hovudkonklusjonane:
Klimatilpassing manglar politisk oppslutning i kommunane
Ressursar er framleis ein hovudbarriere
Omsetjinga av kunnskap mellom statleg og lokalt nivå bør betrast
Fokus på samansette barrierar blir viktig for framtidige barrierestudiar
Utviklinga på klimatilpassingsfeltet gir behov for nye typar nettverk
Auka ressursar viktig
I tillegg til hovedfunna gir rapporten forslag til tre typar tiltak i arbeid framover:
Auka ressursrammer for arbeid med klimatilpassing blir særleg viktig for små kommunar
Verktøy og rettleiarar bør bearbeidast vidare slik at dei lettare kan tilpassast lokale forhold og blir enklare å ta i bruk lokalt
Utvikling av nye typar nettverk for klimatilpassing, som meir regionalt innretta nettverk og tematiske spesialiseringar, blir viktige for å spele opp til aktørar med ulik kompetanse og ulike behov