nyhende

Noradapt-timen: Klimaeffektar rett i lomma di – relevant, lokal og deltakande klimatilpassing

Noradapt-timen: Klimaeffektar rett i lomma di – relevant, lokal og deltakande klimatilpassing

Å forholde seg til klimaendringar i stort, er vanskeleg for kvar enkelt. Derimot er det lett å få folk til å engasjere seg i korleis klimaet endrar seg akkurat der dei er. Denne tanken gjennomsyrar mykje av det Institutt for geografi ved NTNU gjer på forskingsområdet klimatilpassing. I Noradapt-timen 24. juni kan du høyre to geografar frå NTNUs Institutt for geografi snakke om folkeforsking og klimatilpassing.

Noradapt-timen: Klimapolitikken er blind for naturøydeleggingane

Noradapt-timen: Klimapolitikken er blind for naturøydeleggingane

Både i politikken og den offentlege debatten blir vern av natur og miljø ofte omdefinert til klimapolitikk. Elbil-satsing og utbygging av motorvegar, hyttefelt og vindkraft neglisjerer naturøydeleggingane dei medfører: nedbygging av natur som lagrar og bind karbon, redusert naturmangfald og større sårbarheit for klimaendringane. I webinaret Noradapt-timen 27. mai snakkar forskarar frå Vestlandsforsking om behovet for samsvar mellom tiltaka som skal gje oss ei grønare framtid.