No kan du lese årsmeldinga vår for 2021, som gir eit innblikk i Noradapt sin aktivitet dette året. Mellom anna skipa senteret eit internasjonalt vitskapsråd og etablerte den nye tenesta Norsk klimamonitor.
Skal samfunnet greie å hanskast med dei komplekse utfordringane som kjem med klimaendringane, må folk snakke saman og finne løysingar saman på tvers av fag. Det er kjernen i Klimathon, som nyleg vart arrangert for fjerde gong. – Dette blei til som eit forsøk til å gjere noko anna enn å halde foredrag for kvarandre, seier arrangør Mathew Stiller-Reeve.