Prosjekt — Norsk senter for berekraftig klimatilpassing

Guttorm Flatabø

Adapt-map

Kartlegging av klimatilpasningsarbeid i eit utvalg land (Adapt-map)

Organisering av det nasjonale arbeidet med klimatilpassing i fem land, inkludert Finland, er tema for denne studien.

Dette prosjektet ser på klimatilpassing i fem nordeuropeiske land. Korleis har landa lagt opp til å arbeide med klimatilpassing på nasjonalt plan?

På oppdrag frå Miljødirektoratet kartlegg Noradapt og samarbeidspartar ved andre institusjonar korleis Sverige, Finland, Storbritannia, Tyskland, og Austerrike innrettar det nasjonale arbeidet med klimatilpassing.

Kartlegginga inkluderer ein gjennomgang av relevante dokument og intervju med representantar frå landa. Kartlegginga ser særleg på korleis styringssystem for klimatilpasningspolitikken fungerer, inkludert krav og føringar til ulike aktører, rutinar for å framskaffe felles kunnskapsgrunnlag nasjonalt (risiko- og sårbarheitsanalysar), og system for måling, rapportering og evaluering.

To av forskingspartnarane i Noradapt deltek i prosjektet:  Norce og Vestlandsforsking. I tillegg kjem Stockholm Environment Institute og University of Helsinki.


Startdato: 15. september 2022

Sluttdato: 28. februar 2023

Finansiert av: miljødirektoratet

Share

Komparativ analyse av det tilpasningspolitiske landskapet i Norden

Prosjektet tek for seg klimatilpassing i Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.

Dette prosjektet har som mål å undersøke, analysere og sammanlikne klimatilpassing i dei nordiske landa (Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige).

Prosjektet vil sjå på landskapet når det gjeld politikk og lovgjeving og identifisere eventuelle forskjellar og likskapar mellom dei nordiske landa og analysere implikasjonane av desse når det gjeld framgang. Den komparative analysa vil inkludere lovverk, verkemiddel, analytiske tilnærmingar, finansieringsmekanismar og nivå av tverrsektoriell integrasjon.

Resultata kan brukast av dei nordiske landa til å lære av erfaringar frå andre, og til å forbetre det nasjonale tilpassingsarbeidet.

Forutan Vestlandsforsking deltek også Stockholm Environment Institute, University of Helsinki og Danmarks Tekniske Universitet.

Les intervjuet i finske Medborgarbladet (Svenska folkpartiet i Finland sitt medlemsorgan) med seniorforskar Irmelin Gram-Hanssen


Startdato: 1. desember 2022

Sluttdato: 30. juni 2023

Finansiert av: Nordisk ministerråd

Share

Karnak

Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima (Karnak)

Prosjektet Karnak studerer arealbruksendringar, naturmangfald og klima på oppdrag frå Noregs forskingsråd.

Prosjektet Karnak (Kunnskapsoppsummering om arealbruksendringar, naturmangfald og klima) er leia av Vestlandsforsking og ser på korleis endringar i arealbruk påverkar ulike sider ved naturen og tenestene naturen står for.

Prosjektet skal på oppdrag frå Forskingsrådet oppsummere forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og -lagring.

Deltakarane i prosjektet skal drøfte kva forskinga seier om:

  1. kor berekraftig arealbruken er i Norge

  2. dilemma og konfliktar mellom ulike samfunnshensyn

  3. løysingar, verktøy og utviklingsmuligheiter for ei arealforvaltning som tar hensyn til både klima og naturmangfald

skal gå gjennom forskinga

Arbeidet vil bli gjennomført som ein «scoping review» av både fagfellevurdert og grå litteratur på området med relevans for norske forhold.

Vestlandsforsking er prosjekteigar, og utfører arbeidet saman med underleverandørane Miljøfaglig Utredning AS og Høgskulen på Vestlandet – Biblioteket. Frå Miljøfaglig Utredning AS deltek Geir Gaarder, Kirstin Maria Flynn Steinsvåg og Knut Hessen.

ekspertar og brukarar

Ei ekspertgruppe med tre økologar skal kvalitetssikre søkekriterier og analysar, medan relevansen for arealplanlegging og -forvaltning skal styrkast gjennom ei brukargruppe med representantar for fire statsforvaltarembete og to kommunar.

Ekspertgruppa har tre medlemmar: professor Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo, professor Knut Rydgren ved Høgskulen på Vestlandet og forskingsleiar Liv Guri Velle ved Møreforsking.

Brukargruppa har fem medlemmar: Thomas Christian Kiland-Langeland (Statsforvaltaren i Agder), Anne Melbø (Statsforvaltaren i Møre og Romsdal), Eline Orheim (Statsforvaltaren i Vestland), Svein Einar Stuen (Statsforvaltaren i Nordland), Alexander Connor (Vestnes kommune), Hans-Einar Lundli (Trondheim kommune).


Startdato: 1. februar 2023

Sluttdato: 1. april 2024

Finansiert av: Norges forskingsråd

Share

Sårbarhetsanalyse klima og miljø for Nordland fylkeskommune og Troms fylkeskommune

Fra Reine i Lofoten. Foto: Jørn Eriksen (Unsplash)

De to fylkesvise prosjektene skal kartlegge mulige konsekvenser av klimaendringene for kommunene i Nordland og kommunene i Troms frem mot år 2050 og 2100, og identifisere spesielt sårbare områder og terrestriske, akvatiske og marine økosystemtjenester med utgangspunkt i spesifiserte regioner.

I tillegg skal prosjektet undersøke hvordan de mulige konsekvensene av klimaendringer kan påvirke tjenesteproduksjonen og utøvelse av de lovpålagte oppgavene til kommunene.

Det første prosjektet ledes av Nordlandsforskning, mens det andre ledes av Vestlandsforsking.


Startdato: 1. august 2023

Sluttdato: 31. januar 2024

Finansiert av: Nordland fylkeskommune og Troms fylkeskommune

Share

Klimarobust vegforvaltning gjennom tverrsektorielt samarbeid i Vestland fylke

Foto: Bruno van der Kran (Unsplash)

Prosjektet skal utvikle nye former for tverrsektorielt samarbeidet på regionalt forvaltningsnivå for dermed å styrke innsatsen i arbeidet med klimatilpassing innafor vegforvaltninga i Vestland fylke.

Særleg viktig er det å få til eit samarbeid mellom sektorstyresmakter med ansvar for veg, beredskap, arealplanlegging, og samfunnsutvikling.

Klimatilpassing som gjeld vegtransport er særleg avhengig av tverrsektorielt samarbeid mellom ulike økonomiske sektorar, mellom ulike offentlege styresmakter, og mellom vegeigar og aktørar som forvaltar areal som grensar opp mot vegane. Det regionale nivået er truleg godt eigna til å prøve ut ei styrking av eit tverrsektorielt samarbeid som omfattar alle desse aspekta.


Startdato: 15. september 2022

Sluttdato: 30. juni 2023

Finansiert av: regionalt forskingsfond vestland

Share

TransAdapt

Making trans-border climate change risks tangible for adaptation actions (TransAdapt)

Erfaringane med covid-19 har auka medvitet rundt grenseoverskridande klimarisiko, altså at det skjer noko ei eitt land som er knytt til klimaendringar, og at dette får ringverknader i heilt andre land. Dette er ein type risiko samfunnet òg må tilpasse seg til, i tillegg til “tradisjonell” klimarisiko.

Hovudmålet med prosjektet er å undersøke og vise korleis ein kan setje grenseoverskridande klimarisiko på dagsorden i det lokale og nasjonale arbeidet med klimatilpassing. Prosjektet har i tillegg fire delmål.

Fire av forskingspartnarane i Noradapt deltek i prosjektet: Nordlandsforskning, Cicero, Norce og Vestlandsforsking. I tillegg kjem Stockholm Environment Institute.

Delmål

  1. utvikle ein indikatorbasert ovanfra-og-ned-metode for å analysere grenseoverskridande klimarisiko på nasjonalt nivå

  2. demonstrere korleis ein kan analysere grenseoverskridande klimarisiko for spesifikke sektorar

  3. demonstrere korleis ein kan analysere risikoeigarskap langs og på tvers av verdikjeder og policynivå

  4. analysere styring på flere nivå, og på tvers av sektorar, for tilpassing til grenseoverskridande klimarisiko


STARTDATO: 01.12.2021

SLUTTDATO: 31.12.2025

FINANSIERT AV: Noradapt

Share

Co-Adapt

Communities for Climate Change Action (Co-Adapt)

Målet for prosjektet er å utvikle eit medverknads-verktøy for klimaomstilling. Verktøyet skal legge til rette for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar i byar i Polen.

Prosjektet ser på strategiar for å kome forbi barrierar for aktivitet og grasrot-deltaking, og vi legg vekt på å finne innovative design for anvendt forsking på klimaomstilling.

Prosjektet vil bidra til å styrke resiliens og integrere fleire i medverknadsprosessar i bysamfunn. Det kan styrke byane si evne til å omstille seg. Behovet for tilpassing til klimaendringar aukar, også i byane.

Verktøyet tek i bruk metodar som blir kalla «serious gaming» og vil opne for å eksperimentere med strategiar og løysingar på klimaproblema. Vi vil gjerne kome over det såkalla «motivasjonsgapet» i klimaomstillinga og skape eit breitt og stort engasjement for arbeid med klimaomstilling.


STARTDATO: 01.10.2021

SLUTTDATO:

FINANSIERT AV: NOREGS FORSKINGSRÅD

Share

Gotheca

Frå feltarbeid ved Tystigbreen i Stryn i 2021. Foto: Yongmei Gong, NTNU geografi

Glacier impacts On The Hydrological systems in Europe and Central Asia (Gotheca)

Forskingsprosjektet Gotheca dreier seg om smeltevatnet som oppstår når klimaendringane får isbrear til å krympe. I korte trekk vil forskarane gjere det lettare å vite korleis vassføringa i områda rundt brear blir på ulike tidspunkt og om det er fare for jøkulhlaup.

Fjellkjeder blir ofte kalla “verdas vasstårn” fordi dei lagrar enorme mengder ferskvatn i form av snø og is og forsyner miljø og menneske med ferskvatn lengre nede i landskapet og vassdraga. Den globale oppvarminga får breane til å krympe og skapar ny naturfare som påverkar næringar som vasskraft og reiseliv i Europa.

Vassføringa blir ustabil

I tett folkesette område i Sentral-Asia gjer hyppige endringar i mengda smeltevatn frå snø og bre-is at både tilgangen på ferskvatn og vassføringa i elvar, varierer stort gjennom året. Dette har negativ innverknad på økosystemet, men òg på marknaden. Desse regionane er også truga av regelmessig flaum forårsaka av auka grad av smeltevatn og såkalte jøkulhlaup (eller GLOF - Glacier Lake Outburst Floods).

Verktøy i klimatilpassinga

Gotheca utviklar eit grundig skjema for risikovurdering for å kunne forutsjå kor mykje ferskvatn område nær isbrear vil ha tilgang på til ulike tider. Ein skal òg kunne forutsjå når det er fare for jøkulhlaup. Denne innsikta vil vere ein ressurs for lokale og regionale styresmakter i arbeidet med klimatilpassing.

Prosjektet kombinerer realfag og samfunnsvitskap med kommunikasjonsstrategiar for å nå ut til lokale aktørar og utvikle eit verktøy for risikoanalyse. Forskarane vil omsetje moderne, meir presise prognosar for ferskvasstilgang og jøkulhlaup til innverknad på samfunnet.

Bresmelting skapar sjøar av smeltevatn som kan utgjere ein risiko for jøkulhlaup. Denne sida ved klimaendringane krev tilpassing i lokalsamfunna rundt. Foto: Yongmei Gong, NTNU geografi

Bidrag til berekraftsmåla

Forskingsprosjektet vil dra nytte av lokalkunnskap for å overføre forskingsfunna sine til lokale interessentar og avgjerdstakarar slik at dei kan utforme tiltak. Dette vil hjelpe både velutvikla område og område som er under utvikling, som er direkte avhengige av smeltevatn for å nå FN sine berekraftsmål for ferskvassforvaltning.

To av Noradapt-partnarane

Forskingsprosjektet blir leia av NTNU (Institutt for geografi). I tillegg deltek forskarar frå Høgskulen på Vestlandet. Prosjektet har i tillegg andre partnarar som ikkje er knytte til Noradapt.

Besøk prosjektet si heimeside


Startdato: 1. 10. 2021

Sluttdato: 31.3. 2025

Finansiert av: Noregs forskingsråd og NTNU

Share

Nordic perspectives on transboundary impacts of climate change

Prosjektet er ei utgreiing for Nordisk Råd om grenseoverskridande klimarisiko.

Hovedmålet med prosjektet er å betre forståinga av korleis grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar verkar inn på dei nordiske landene. Prosjektet skal òg peike på prioriterte sektorar og mogelege område for felles nordisk innsats.

Prosjektleiar: Kati Berninger, Tyrsky Consulting Ltd.


STARTDATO: 21.09.2021

SLUTTDATO: 01.05.2022

FINANSIERT AV: Nordisk ministerråd

Share

Berekraftanalyse av klimatilpassing

Prosjektet skal lage ei berekraftanalyse for utvalde klimatilpassingstiltak som er relevante for Rogaland. Stavanger kommune er prosjekteigar, og Sintef leier prosjektet.

I prosjektet skal vi først kartlegge klimasårbarheita til kommunane i Rogaland. Denne kartlegginga vil utgjere grunnlaget for utvalet av klimatilpassingstiltaka som skal analyserast. Tekniske kriterium for klimatilpassingstiltaka skal beskrivast og talfestast.

Desse aktørane deltek i prosjektet:

Forsking:

  • Vestlandsforsking

  • SINTEF community

Kommunar/fylkeskommunar:

  • Sauda kommune

  • Sola kommune

  • Gjesdal kommune

  • Karmøy kommune

  • Hjelmeland kommune

  • Rogaland fylkeskommune

Næringsliv/konsulentselskap:

  • Asplan Viak AS

  • Faber Bygg AS

  • Sweco Norge AS

  • Skjæveland gruppen

I berekraftanalysane skal partnarane først definere kva for berekraftsmål dei ulike tiltaka skal bidra til å oppfylle. Desse måla skal dekke dimensjonane teknisk yting, økonomi, miljøvenlegheit, samsvar med regelverk og samfunnsnytte. Deretter skal ein i prosjektet definere kva for kriterium ein skal nytte for å måle måloppnåing for dei utvalde klimatilpassingstiltaka.

I neste steg skal vi utarbeide indikatorar som igjen skal brukast til å talfeste desse kriteria. På grunn av usikkerheit knytt til framtidas klima, vil scenario vere ein del av i analysen, og det er brukerpartnarane som bestemmer vektinga av dei ulike dimensjonane i scenarioanalysane. Denne trestegs-analysa - definere mål, kriterium og indikatorar - byggjer på eksisterande og pågåande studiar, og er ein iterativ prosess som krev sterk involvering av brukerpartnarar.

Partane, dvs. kommunane og andre interessentar, skal i fellesskap finne ut kva for mål og kriterium som er relevante for Rogaland, og finne ut kva som er tilgjengeleg av informasjon og data som kan gje verdi på indikatorane.

Det fjerde steget i analysen er å rangere dei ulike klimatilpassingstiltaka. Denne rangeringa vil gje kommunane eit grunnlag for å velje dei mest berekraftige kombinasjonane av klimatilpassingstiltak for å avbøte lokale sårbarheteit av ulike slag.

Kontaktperson i Sintef: Hanne Kvitsand

Kontaktperson i Stavanger kommune: Hugo Kind


STARTDATO: 01.08.2021

SLUTTDATO: 31.07.2024

FINANSIERT AV: Regionalt forskingsfond Rogaland

Share

Barrierar for klimatilpassing på lokalt og regionalt nivå

CICERO, Nordlandsforskning og Vestlandsforsking skal på oppdrag frå Miljødirektoratet samanstille eksisterande kunnskap om barrierar for å nå det nasjonale målet om klimatilpassing og dagens verkemiddelapparat for klimatilpassing.

Kunnskapssamanstillinga skal innehalde ei avklaring av omgrepa “barrierar” og “verkemiddelapparat”. Vidare skal prosjektet lage ein oppdatert status for barrierar på lokalt og regionalt nivå gjennom ei brei involvering av relevante brukargrupper.

Prosjektet er leia av CICERO Senter for klimaforskning.


STARTDATO: 01.06.21

SLUTTDATO: 31.12.21

FINANSIERT AV: MILJØDIREKTORATET

Share

Indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar

Prosjektet skal vidareutvikle indikatorar for klimatilpassing i kommunar og tilpasse desse til Vestlandet.

Prosjektet vil byggje på eksisterande forsking, og vil primært vere ei vidareføring av prosjektet Indikatorer for måling av klimatilpasning av fysiske områder, bygninger og infrastruktur i små, mellomstore og store kommuner, som SINTEF utarbeider saman med Nettverk for klimatilpasning i Trøndelag.
Dette prosjektet byggjer igjen på MRE-modellen og indikatorar utvikla for reduksjon av klimagassutslepp i forskingssenteret ZEN. Aktiviteten vil òg gå parallelt med relevant arbeid innan klimatilpassing i forskingssenteret Klima 2050.

Partnarar i prosjektet

  • Vestlandsforsking

  • Sintef

  • Osterøy kommune

  • Sunnfjord kommune

  • Kvam Herad

  • Sogndal kommune

  • Fitjar kommune

  • Kinn kommune

  • Luster kommune

  • Trondheim kommune

  • Vestland fylkeskommune

Kommunane vil ha ulike utgangspunkt. Vi startar difor med å kartlegge kva kommunane har av ROS-analysar, kommuneplanar og klimaplanar (kommunedelplan for klima eller temaplan for klima). Deretter ser vi på kommunen sin analyse av klimasårbarheit. Dersom kommunane ikkje har utarbeidd slike dokument, vil utarbeiding av desse vere nyttig input til utviklinga av indikatorar og arbeidet med å gjere dei meir relevante for Vestlandet.

Vi vil vidare, ved hjelp av tilgjengelege data, utvikle eit sett med enkle indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunar. Vi vil ha søkelys på indikatorar som kan graderast og samanliknast på tvers av kommunar og over tid. Indikatorane skal òg skilje på aktørnivå og kor langt kommunane er komne i klimatilpassingsarbeidet. Vi skal teste indikatorane og utarbeide ein rettleiar i korleis ein brukar dei.

Vi ønskjer vidare å utvikle økonomiske indikatorar for klimatilpassing av bygningar og infrastruktur i kommunane. Dette inneber indikatorar for nytte- og kostnadsanalysar for investeringar der ein tek omsyn til forventa verknader av klimaendringar, og for budsjett-allokering til klimatilpassingstiltak. I tillegg ønskjer vi å utvikle indikatorar for klimatilpassing i drift, til dømes i form av vedlikehaldskostnader. Vi vil talfeste relevante indikatorar som ein del av prosjektet.


startdato: 01.05.2021

sluttdato: 30.04.2024

finansiert av: Regionale forskningsfond Vestland

Share

Klimatilpasning i naturområde

Foto: Unsplash

Prosjektet sitt hovedmål er å utvikle kunnskap om hvordan kommunene kan møte konsekvenser av klimaendringene for ulike naturtyper både i og utenfor nasjonalparkene, og hvordan veilederen for klimatilpasning i naturområder kan videreutvikles som et redskapen til kommunene i dette arbeidet.

Et delmål er å analysere hvordan klimaendringer, økt ferdsel og andre arealbruksendringer samvirker, og hva blir konsekvensene som må håndteres i forvaltningen av naturområder, inkludert randsoner, innfallsporter og besøkskvalitet. Prosjekts andre delmål er å kartlegge hvordan kommunene bruker veilederen for klimatilpasning i naturområder.

I tillegg til forskarar frå Vestlandsforsking deltok Jan Ketil Rød ved Institutt for geografi (NTNU) og Dagmar Hagen ved Norsk institutt for naturforskning.


Startdato: 1. mai 2021

Sluttdato: 30. april 2022

Finansiert av: miljødirektoratet

Share

Medverknadsmetodar for berekraftig klimatilpassing

For å sikre ei berekraftig utvikling i samfunnet, bør klimaomstilling og klimatilpassing vere godt integrert i regionale og lokale planprosessar. Samtidig er det behov for å mobilisere lokal kunnskap til dette arbeidet og å sikre god forståing og engasjement for klimatilpassingstiltak hos innbyggarar i kommunane.

Tidlegare kartleggingar har konkludert med at kommunar ofte har utfordringar med å tolke flaumdata, samtidig som at auka uvisse skapar nye utfordringar i ulike sektorar. Dette kan tyde på at det er behov for å utvikle eit breiare datagrunnlag og betre kommunikasjonsmetodar for risikovurderingar i lokale kontekstar.

Prøver ut metodar

I samarbeid med Vestland fylkeskommune, og med finansiering frå Forskingsrådet, skal Vestlandsforsking, Norce Klima og Institutt for geografi ved NTNU teste ut ulike medverknadsmetoder for datainnsamling, visualisering av klimakunnskap og deltaking i planprosessar. Dette skal skje i tre kommunar: Osterøy, Sunnfjord og Kinn, som også er med i prosjektet og som alle har behov for å styrke arbeidet med klimatilpassing.

Dette skal prosjektet utvikle:

  • medforskingsmetodar for å skape større engasjement og legitimitet til kunnskapsgrunnlaget som klimatilpassinga byggjer på

  • visualiserings- og formidlingsmetodar som gjer kunnskapen tilgjengeleg og relevant for innbyggjarar

  • deltakingsmetodar for å auke innbyggjarane sitt engasjementet i planprosessar

Innbyggjarar blir oppmoda til å registrere flaum- og overvasshendingar i ein app og dele vêrdata frå private målestasjonar. Foto: Institutt for geografi, NTNU

Folk kan dele eigne data

Medforskingsmetodar kallast gjerne «citizen science» på engelsk, og inneber at vanlege folk tek del i forskinga. I dette prosjektet vil innbyggjarane kunne bidra gjennom å ta i bruk ein smarttelefon-app for registrering av flaum og overvasshendingar. Dei kan også dele data frå sine private vêrstasjonar.

Ideén til prosjektet blei til under eit doktorgradskurs som Senter for klima- og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen heldt i samarbeid med Noradapt og andre partnarar hausten 2019. Der deltok medarbeidarar frå Vestland fylkeskommune, dei tre kommunane og fou-partnarar i prosjektet.

Prosjektet er leia av Vestland fylkeskommune, ved Lene Omdahl.


STARTDATO: 01.04.2021

SLUTTDATO: 01.04.2024

FINANSIERT AV: Norges forskningsråd

Share

Klimathon

Prosjektet tek utgangspunkt i at kommunar, andre offentlege etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar har ulike utfordringar når det gjeld klimatilpassing, og at standardiserte “klimatilpassingsoppskrifter” ikkje nødvendigvis vil treffe alle. Dette gjeld både regelverk og retningslinjer og konkrete, naturbaserte utfordringar.

Klimathon vart arrangert i 2018 og 2019, begge gonger i Bergen. Arbeidsmetodikken er eksperimentell og utforskande, og er tydeleg inspirert av IT-bransjens "hackathons". Deltakarane blir oppmoda om å ta i bruk eigne erfaringar, offentlege ressursar …

Klimathon vart arrangert i 2018 og 2019, begge gonger i Bergen. Arbeidsmetodikken er eksperimentell og utforskande, og er tydeleg inspirert av IT-bransjens "hackathons". Deltakarane blir oppmoda om å ta i bruk eigne erfaringar, offentlege ressursar og innsikt frå forsking på klimafeltet. Dei skal ikkje berre diskutere løysingar, men òg dele, synliggjere og presentere det dei kjem fram til. (Foto: Andreas Graven)

Denne innsikta kan skape eit utgangspunkt for kunnskapsutvikling og bruk av kunnskap til utforming av tiltak. På den måten er Klimathon eit forsøk på å etablere ein slags organisatorisk infrastruktur for refleksjon, perspektivutvikling og kompetanseheving, der involverte aktørar i praksis vil lære av kvarandre. Ein fordel med ein meir organisert Klimathon, er at det forenklar arbeidet med å samle og strukturere kunnskap om klimatilpassing på tvers av sektorar, anten det er snakk om ulike delar av offentleg sektor, mellom forsking og praksis eller mellom privat og offentleg.

Dette prosjektet skal vidareutvikle Klimathon som arbeidsmetode på tre måtar: For det første ved å arrangere ei tredje utgåve hausten 2020, Klimathon 2020, som ein test på om arbeidsmetoden eignar seg for ei regionbasert arrangementsrekkje for 2021. For det andre skal prosjektet gjere eit litt grundigare analysearbeid om samproduksjon som tematikk for å styrke det faglege fundamentet til Klimathon som arbeidsmetode. For det tredje skapar òg Klimathon kvalitative data som kan nyttast i forsking. Det betyr at prosjektet òg skal reflektere rundt kva rolle slike data kan spele i forsking på klimatilpasning og klimaomstilling.

Prosjektleiar er Simon Neby ved NORCE Samfunn. Både Vestland fylkeskommune, CICERO Senter for klimaforskning, Nordlandsforskning, CET ved Universitetet i Bergen og Vestlandsforsking deltek.

Her kan du lese rapporten om Klimathon2020

Engelsk versjon av rapporten


startdato: 01.12.2020

sluttdato: 21.12.2021

Finansiert av: Noradapt

Share

Konflikt og samspel i klimapolitikken

At alpinanlegg følgjer etter den sikre snøen til høgfjellet, kan fort føre til konflikt med andre miljøomsyn (Foto: Rudy og Peter Skitterians, Pixabay).

At alpinanlegg følgjer etter den sikre snøen til høgfjellet, kan fort føre til konflikt med andre miljøomsyn (Foto: Rudy og Peter Skitterians, Pixabay).

Dette prosjektet ser på kor vidt omsyna til klimatilpassing og utsleppskutt er i konflikt med kvarandre eller dreg i same retning, og korleis klimapolitikken påverkar vilkåra for å nå måla om berekraftig utvikling.

Klimapolitikken har som hovudmål å kutte utslepp av klimagassar for å redusere konsekvensane av menneskeskapte klimaendringar. Samstundes må vi tilpasse samfunnet til utslag av klimaendringane. Innan klimapolitikk og -forvaltning har styresmaktene likevel i liten grad sett desse politikkområda i samanheng. Ei slik jamføring er viktig fordi tiltak for det eine påverkar det andre.

Tilpassing kan skape nye utslepp

Eit eksempel på konflikt er tilpassing i skiturismen: når vintrane blir kortare og vi får mindre snø i låglandet, reiser folk gjerne lengre for å få sikker påskesnø. Å køyre langt for å finne gode snøforhold, vil føre med seg større klimautslepp og dermed forsterke drivhuseffekten. Vi har ikkje ein politikk for å hindre denne åtferda.

Også skidestinasjonane tilpassar seg, mellom anna gjennom å flytte skitrekk høgare opp i fjellsidene. Det gjer samtidig at skikøyringa kan kome i konflikt med omsynet til biologisk mangfald i høgfjellet – til dømes villreinen. Desse dyra er avhengige av store, inngrepsfrie areal, og Norge har forplikta seg til å sikre levekåra deira. Dette dømet viser behovet for å sjå tilpassing, klimautslepp og berekraft i samanheng, slik at tiltak for det eine ikkje slår i heil det andre.

Klimatilpassing bør ikkje føre til nye klimautslepp eller andre miljøbelastningar. Eit godt døme på berekraftig klimatilpassing er blågrøne strukturar, som både førebygger flaum og skapar grøne lunger i urbane strøk. Figuren viser open og lokal hand…

Klimatilpassing bør ikkje føre til nye klimautslepp eller andre miljøbelastningar. Eit godt døme på berekraftig klimatilpassing er blågrøne strukturar, som både førebygger flaum og skapar grøne lunger i urbane strøk. Figuren viser open og lokal handtering av overvatn, og er henta frå NOU 2015:16, Overvann i byer og tettsteder — Som problem og ressurs.

Blågrøn førebygging

Det finst heldigvis gode eksempel på at tiltaka dreg i same retning. Å etablere såkalla «blågrøne strukturar» i tettstadar og byar, altså grøntareal kombinert med opne bekkar og dammar, vil både redusere risikoen for overflateflaum og dempe verknaden av hetebølgjer i lokalmiljøet. Blågrøne strukturar vil også stimulere det biologiske mangfaldet ved å gi dyr, planter og insekt betre levevilkår.

Råd om samordning

Forskarane skal studere korleis politikken kan stimulere til godt samspel mellom dei ulike klimaomsyna, men òg korleis konfliktar oppstår. Dette vil dei studere både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå; i tillegg kjem samanhengen mellom dei ulike styringsnivåa. Prosjektet vil avgrense seg til å studere eitt fylke, og studien vil omfatte både fylkeskommunen og fylkesmannen (staten) sin politikk. I tillegg ser forskarane på to kommunar, med vekt på arealplanlegging, transport og bygningsmiljø.

Arbeidet skal munne ut i råd til styremaktene om korleis dei kan stimulere ei betre koordinering av politikken slik at samfunnet oppnår samspel og ikkje konflikt mellom kutt i klimautslepp, klimatilpassing og berekraftomsyn.

Fire av Noradapt-partnarane

Forskingsprosjektet blir leia av Vestlandsforsking. I tillegg deltek forskarar frå CICERO Senter for klimaforskning, SINTEF Co


Publikasjonar frå prosjektet

Gaarder, Sivertsen, Time, Skagen, Tønnesen, Groven og Brendehaug (2023). Slik ivaretas klima, miljø og naturmangfold i byggeprosjekter. SINTEF forskningsnytt.
https://www.sintef.no/siste-nytt/2023/slik-ivaretas-klima-miljo-og-naturmangfold-i-byggeprosjekter/

Skagen, Tønnesen, Gaarder, Groven, Sivertsen and Time (2023). Integrasjon av klima- og naturhensyn i planlegging og gjennomføring. Plan, 55, 1, 14-21.  https://www.idunn.no/doi/10.18261/plan.55.1.4


Startdato: 01.08.2020

Sluttdato: 31.12.2022

Finansiert av: Norges forskingsråd og Kunnskapsdepartementet

Share

Norsk klimamonitor 2021

Aldri før har det blitt forska så mykje på klimatilpassing i Noreg. Ulike aktørar samlar inn store mengder data frå eit mangfald av kjelder, til ulike forskingsføremål. Klimamonitor forsøker å samle dette og legge grunnlaget for å etablera ei koordinert datainnsamling på kryss og tvers av samfunnet. I desember 2021 lanserer vi ei ny nettside der vi deler ny innsikt frå Klimamonitor

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Kli…

Folk frå ulike sektorar kjem kvart år saman på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling for å oppdatere seg på nye prosjekt og tema. Fordi det er vanskeleg å få oversikt over alt som føregår på dette området, har Noradapt gjennom forprosjektet Klimamonitor som mål å samle trådane, både for å gi oversikt og koordinere innsamling av nye data. Foto (frå #Klimaomstilling 2019): Kyrre Groven.

At klimatilpassing er ei oppgåve som rører ved alle delar av samfunnet, er ei erkjenning som vert stadig meir aktuell. Konsekvensane av klimaendringane legg føringar på planlegging, bygging og vedlikehald, men det påverkar òg korleis me kan bu og røre oss og korleis me kan drive næringsverksemd i framtida. Miljødirektoratet peikar på at alle i samfunnet har eit ansvar for å bidra til å løyse klimatilpassingsoppdraget: «den enkelte, husholdninger, private foretak og myndigheter».

Klimamonitor tek denne erkjenninga på alvor.

Storstilt datainnsamling

Eit forprosjekt har samla tidlegare forsking skissert hovudtrekka for ei storstilt datainnsamling i tre hovuddelar av samfunnet: hushald og individ, privat næringsliv og offentleg forvalting.

Hovudtema i undersøkinga:

  1. samfunnets kunnskap om og haldningar til klimasårbarheit

  2. samfunnets arbeid med klimatilpassing 

  3. korleis samfunnet sitt arbeid med klimatilpassing står i forhold til målet om ei berekraftig utvikling

Forprosjektet har i 2021 gått over i eit hovudprosjekt. Eit viktig mål for dette hovudprosjektet er at datainnsamlinga skal vere godt koordinert med, og breitt forankra hjå, andre forskings- og forvaltingsaktørar som har interesse av forskinga på klimatilpassing i Noreg. Ein viktig del av forprosjektet har difor vore å avklare planar, forventingar og behov hjå andre.

I forprosjektet blei det òg gjennomført pilotundersøkingar i mange delar av samfunnet med ulike metodar og framgangsmåtar.

Offentleg forvalting

Offentleg forvalting er den delen av samfunnet som, naturleg nok, er best undersøkt. Her gjer vi opp kunnskapsstatus ved å analysere 13 tidlegare populasjons-spørjeundersøkingar til norske kommunar, gitt i tidsrommet 2007-2019. Vi gjennomfører òg ei undersøking til fylkeskommunar og fylkesmannsembete/statsforvaltarar som kartlegg rollefordelinga og rolleforståinga mellom desse.

Etablering av undersøkingar i kommunane og på direktorat- og etatsnivå er òg drøfta.

Privat næringsliv

Medan enkelte delar av samfunnet (og særleg delar av forvaltinga) er godt dekte i forskingslitteraturen, er det andre delar vi ikkje har like god forståing av. Det private næringslivet og hushaldingar er døme på det. I Noreg, så vel som internasjonalt, handlar litteraturen om det private næringslivet først og fremst om primærnæringar, reiseliv og finans.

For å utvide forståinga av tilpassingsinnsatsen i det private næringslivet, er det gjennomført ei pilotundersøking med konsulentar i samarbeid med Rådgivende Ingeniørers Forening. Undersøkinga viser mellom anna at det private næringslivet er mindre flinke enn alle delar av forvaltinga, både når det gjeld initiativ og kunnskap knytt til klimatilpassing.

Hushald og individ

Denne delen av samfunnet er det vi veit desidert minst om.

Ein gjennomgang av internasjonal litteratur viser likevel at det ei rekkje dimensjonar ved individuelle haldningar og handlekraft som er svært nyttige å undersøke i ein norsk kontekst.

Pilotundersøkinga tek form som ei deltaking i UiB sitt Medborgerpanel.

Les rapporten frå forprosjektet her


Startdato: 01.05.2020

Sluttdato: 01.03.2022

Finansiert av: noradapt

Share

Jostice

Natural and societal consequences of climate-forced changes of Jostedalsbreen Ice Cap (Jostice)

Forskingsprosjektet Jostice er den første store studien av Jostedalsbreen. Frå brefronten ved Nigardsbreen. (Foto: Maria C. Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)

Forskingsprosjektet Jostice er den første store studien av Jostedalsbreen. Frå brefronten ved Nigardsbreen. (Foto: Maria C. Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland)

Det internasjonale forskingsprosjektet med kortnamnet Jostice skal kartlegge ulike sider ved Jostedalsbreen. Det inneber måling av massebalanse, avrenning, isvolum og det lokale klimaet i områda rundt breen.

I tillegg til dei naturvitskaplege studiane, kjem vurderingar av korleis breen blir påverka av klimaendringane og kva det har å seie for lokalsamfunna rundt breen - særleg kraftproduksjon, reiseliv og landbruk.

Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking (begge i Noradapt) er blant partnarane i prosjektet. I tillegg deltek NVE, UiO og UiB og fleire internasjonale partnarar. Prosjektet er tildelt 17 millionar kroner frå Forskingsrådet.

Les meir på Jostice si heimeside

“Når Jostedalsbreen smeltar” - nyheitssak frå Noradapt, 18. desember 2019


Startdato: 01.01.2020

Sluttdato: 31.12.2023

Finansiert av: Noregs forskingsråd (klimaforsk)

Share

Berekraftig klimatilpassing i matsektoren

Prosjektet handlar om to typar klimarisiko i matsektoren i Norge, det vil seie jordbruk, havbruk og fiskeri. Den eine typen klimarisiko forskarane skal sjå på, er tilpassing til klimapolitikk; den andre er berekraftig tilpassing til klimaendringar.

Landbruksfoto illustrasjon

Fordi det er lite framgang å spore i reduksjon av klimagassutslepp, både i Noreg og verda, aukar fokuset på radikal eller djup omstilling. Ei slik omstilling krev omfattande endringar i korleis vi produserer og transporterer mat, men òg når det gjeld det enkeltpersonar må gjere. Difor vil prosjektet analysere korleis reduksjonar i klimagassutslepp heng saman med berekraftig tilpassing til eit klima i endring. Dette reiser nokre store spørsmål om berekraft i matsektoren knytt til klimagassutslepp, arealbruk, mattryggleik, rekruttering og eit levedyktig landbruk og korleis ein kan forstå desse samanhengane.

Prosjektleiar er Grete Hovelsrud ved Nordlandsforskning, derifrå deltek også Bjørn Vidar Vangelsten, Leticia A. Nogueira og Brigt Dale. Frå CICERO Senter for klimaforskning deltek Helene Amundsen og Erlend Hermansen. Frå Vestlandsforsking deltek Mari Korsbrekke og Tone Rusdal.


startDATO: 01.01.2020

sluttDATO: 31.12.2021

Finansiert AV: Noradapt

Share

Vannklimrisk (Vassklimrisk)

Vassforvaltar i eit endra klima (Vannklimrisk/Vassklimrisk)

Meir nedbør, men òg fleire naturskadehendingar som flaum og skred, aukar risikoen for ureining av vatn. Prosjektet Vannklimrisk er eit ledd i samfunnet si førebygging av at miljøgifter kjem på avvege i naturen.

Vannklimrisk logo

Prosjektet Vannklimrisk (Vassforvaltar i eit endra klima) går ut på å styrke førebygginga av naturskadehendingar som kan føre til at miljøgifter kjem på avvege i naturen. Fleire offentlege verksemder i tre fylke er med.

Miljøgifter hopar seg opp

Klimaendringar vil føre til meir nedbør og større avrenning av ureining frå land til sjø, og påverke både det økologiske og kjemiske vassmiljøet. Gamle og nye miljøgifter vil bli tatt opp av vasslevande organismer, hope seg opp i næringskjedene og til slutt havne på matfatet vårt.

Eit uventa og svært kraftig regnskyll førte til flaum og jordskred fleire stader i Jølster 30. juli 2019. Slike hendingar fører mellom anna til at vatn blir forureina, med mindre ein førebygger effektivt i flaumutsette område. (Foto: Linda Olin Reit…

Eit uventa og svært kraftig regnskyll førte til flaum og jordskred fleire stader i Jølster 30. juli 2019. Slike hendingar fører mellom anna til at vatn blir forureina, med mindre ein førebygger effektivt i flaumutsette område. (Foto: Linda Olin Reite, NRK)

Vassforvaltinga i Norge har i dag for liten kunnskap om miljøgiftpåvirkningar og lokal ureining av vassmiljøet til å vurdere om målet i EU sitt vassdirektiv om god kjemisk tilstand vert nådd innan 2021.

Nye verktøy

Prosjektet Vannklimrisk vil produsere ny kunnskap, og utvikle nye tilpassa verktøy, som lokal og regional forvaltning kan bruke for å identifisere lokale kjelder til miljøgifter og analysere risiko for spreiing av miljøgifter i eit endra klima.

Vannklimrisk går ut på å byggje kunnskap og utvikle nye forvaltingsverktøy i tett samarbeid med sakshandsamarar innan vassforvaltning, klimatilpassing, planarbeid og ureining. Sakshandsamarane kjem frå utvalde kommunar/vassområde, fylkeskommuar og fylkesmannsembete i fylka Trøndelag, Vestland og Vestfold og Telemark.

Lenke til verktøy utvikla i prosjektet

Hjelp til kartlegging

Prosjektgruppa skal utvikle eit nytt, digitalt kartleggingsverktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjelder, "Miljøgiftkartleggaren". Dei skal i tillegg utvikle ein GIS-basert ROS-analyse som kan hjelpe kommunar og andre til å vurdere om miljøgifter kan spreiast til vassmiljøet som følgje av klimaendringar (styrtregn, flaum osb.).

Torunn G. Hønsi er toksikolog og har gjennomført fleire prosjekt om miljøgifter og auka avrenning. Ein forløpar til Vannklimrisk er Toksklim, eit forprosjekt i 2016-2017 der Vestlandsforsking samarbeidde med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesman…

Toksikolog Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking har gjennomført fleire prosjekt om miljøgifter og auka avrenning. Forløparen til Vannklimrisk er Toksklim (2016-17), der offentlege aktørar på Vestlandet (RFF-finansiert). Foto: Vestlandsforsking

Vannklimrisk vil også utforske og analysere korleis samarbeidet er mellom vassområda, fylkeskommunane og fylkesmennene i dei tre fylka. Planen er å prøve ut nye samhandlingsformer der også forskarar deltek slik at ein kan styrke evna til å handtere dei komplekse utfordringane vassforvaltinga står overfor.

Mange deltakarar i tre fylke

Partnarskapen i Vannklimrisk har mange deltakarar frå dei tre involverte fylka: NTNU Institutt for geografi, fylkeskommunane Vestfold og Telemark, Vestland og Trøndelag, fylkesmannsembeta i Vestfold og Telemark, Vestland og Trøndelag i tillegg til 11 kommunar: Tønsberg, Larvik, Sogndal, Vik, Høyanger, Solund, Gulen, Oppdal, Orkland, Tynset og Rennebu. Vestland fylkeskommune har rolla som prosjekteigar, og prosjektleiaren er vassregionkoordinator Merete Farstad.

måla i prosjektet

Hovudmålet i prosjektet er å utvikle samhandlingsformer og verktøy for å setje miljø- og vassforvaltinga i stand til å vurdere risikoen for spreiing av miljøgifter til vassmiljøet som følgje av klimaendringar.

I tillegg kjem tre delmål:

  1. Samskape nye samhandlingsformer for vass- og miljøforvaltninga

  2. Utvikle eit digitalt verktøy for kartlegging av miljøgiftkjeder - Miljøgiftkartleggaren

  3. Utvikle GIS-applikasjonar og ROS-verktøy for å analysere risiko for spreiing av miljøgifter og påverknad på vassmijøet som følgje av klimaendringar

Høyr Miljødirektoratet sitt webinar med Vannklimrisk (5. september 2023)


Startdato: 01.01.2020

Sluttdato: 31.12.2023

Finansiert av: RFF Vest

Share